Mekkeklubben til Gråtassforeninga er i gang att, kvar torsdag frå klokka 18.00.
Mekkeglade ungdommar som har lyst til å vera med å mekke litt på gråtassar, motorar o.l. er meir enn velkomne til å bli med oss. Vi held vi til i Langedal-verkstedet på Heggenes. Om du har eit eige prosjekt du driv på med, kan det vera anledning til det òg. Kanskje kan det vera litt hjelp og gode råd å få, det er utruleg mykje kompetanse samla i gjengen som møtest torsdagane. Kanskje har du noko å lære bort òg?
Og skulle det vera nokon "litt eldre" som har lyst til å bli med, så ikkje nøl med å møte opp!