Motorhobby

Våre samarbeidspartnere

Amcar
NMCU
LMK

# 10 Beltebil 2025. Gålå/Skåbu, mar/2025 - Beltebilens dag og Smuksjøseter

# 10 Beltebil 2025. Gålå/Skåbu, mar/2025 - Beltebilens dag og Smuksjøseter

from March 28, 2025 @ 18:00 until March 30, 2025 @ 16:00

Slangslivegen 290, 2643 Skåbu
Skåbu sentrum, Skåbu
Fefor Høifjellshotell AS, Vinstra, Norge
Børkdalsvegen 201-197, 2646 Gålå

Beltebilhelga i april er flytta frå Rondane til fjellheimen vest for Gudbrandsdalen av omsyn til villreinen. Velkomen til vårfjellets vakraste eventyr!

Beltebilen har ein heilt sentral plass i utvikling av turismen i fjellet. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i alle fjellstrøk som tek imot gjester vinterstid. Beltebilen er viktig både historisk og i dag – og i samband med utbygging og vedlikehald av kraftanlegg i fjellet.

Denne helga inviterer vi til å delta i eller oppleve ei fargerik køyretøykaravane med stor breidde i historiske køyretøy. Undervegs legg vi vekt på formidling av pionertida, historier, hendingar og køyretøyhistorisk utvikling. Har du beltebil sjølv er du hjarteleg velkomen – og har du ikkje beltebil, men vil sjå, høyre, lære og kan hende sitte på hjå andre er du like hjarteleg velkomen.

PROGRAM Fredag 28. mars Oppmøte for beltebilar og parkering av lastebilar og tilhengarar: Slangen gruve i Skåbu. Tidspunkt og adresse kjem.

Kl. 16.00 Karavane med beltebilar frå Slangen gruve i Skåbu. Undervegs drypp av vasskrafthistorie knytt til beltebilen i forgarden til Jotunheimen.

Kl. 17.00 Ruten og Dalseter. Stopp med formidling av reiselivshistorie. Kl. 19.00 Fefor. Her tok Scott fleire utprøvingar av motorslede i forkant av ekspedisjonen til Sørpolen. Dette er ei av Noreg sine aller eldste historier med beltekøyretøy på snødekt mark.

Kl. 19.30 Fefor Høifjellshotell. Middag og overnatting på Fefor Høifjellshotell.

Laurdag 29. mars Kl. 09.00 Frukost Fefor Høifjellshotell. Kl. 11.00 Innkøyring alle brøytebilar på skistadion på Gålå. Vising av beltekøyretøy og foredrag. Sal av mat og drikke.

Kl. 14.00 Historisk beltebiltur frå Gålå via Toftsetra, Listulhøgda, Fagerhøy og retur om Lauvåsen og Jetningen. Kl. 19.00 Middag og beltebilfest på Gålå. Overnatting tingar du gjennom Gålå Booking

Sundag 30. mars Kl. 10.00 Felles avreise i karavane frå Gålå i retning Skåbu. Kl. 13.00 Ankomst Slangen. Takk for no og heimreise på hjul eller belte.

Påmelding: Sjå Facebook-sida Beltebilens dag. Arrangør: Beltebilens dag og Smuksjøseter.

Event information https://www.facebook.com/events/1203537173868577 Item Category Lecture | Activity | Eatery | Exhibition | Automotive events | Meet | Live music | Innlandet | Party | Touring @ Slangen seter - Skåbu

Venue

Slangslivegen 290, 2643 Skåbu
Skåbu sentrum, Skåbu
Fefor Høifjellshotell AS, Vinstra, Norge
Børkdalsvegen 201-197, 2646 Gålå

We recommend: